Skolen har både eit danningsoppdrag og eit utdanningsoppdrag. Dei heng saman og er gjensidig avhengige av kvarandre. Prinsippa for arbeid med læring, utvikling og danning skal hjelpe skolane til å løyse dette doble oppdraget.
Grunnopplæringa er ein viktig del av ein livslang danningsprosess som har fridom, sjølvstende, ansvar og medmenneskelegdom for den enkelte som mål. Opplæringa skal gi elevane eit godt grunnlag for å forstå seg sjølv, andre og verda, og for å gjere gode val i livet. Opplæringa skal gi eit godt utgangspunkt for deltaking på alle område innanfor utdanning, arbeids- og samfunnsliv. Samtidig lever barn og unge her og no, og skolen må anerkjenne eigenverdien i barndommen og ungdomstida.
Opplæringa skal danne heile mennesket og gi kvar og ein høve til å utvikle evnene sine. Danning skjer når elevane får kunnskap om og innsikt i natur og miljø, språk og historie, samfunn og arbeidsliv, kunst og kultur, og religion og livssyn. Danning skjer òg gjennom opplevingar og praktiske utfordringar i undervisninga og skolekvardagen. Eit breitt spekter av aktivitetar, frå strukturert og målretta arbeid til spontan leik, gir elevane ein erfaringsrikdom. Elevane blir danna i møte med andre og gjennom å utfalde seg fysisk og estetisk på ein måte som fremjar rørsleglede og meistring. Danning skjer når dei arbeider på eiga hand, og når dei samarbeider med andre. Dei blir danna når dei bryner seg på teoretiske utfordringar ved hjelp av formlar og fagstoff, og når dei tek i bruk reiskapar for å meistre ei praktisk oppgåve. Danning skjer når elevane lærer korleis dei kjem fram til riktig svar, men òg når dei forstår at det ikkje alltid finst enkle fasitsvar.