Overordna del gjeld for grunnopplæringa i Noreg. Grunnopplæringa består av grunnskole og vidaregåande opplæring. Ho omfattar dermed den opplæringa barn og ungdom får frå første klasse på barnetrinnet til og med studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram i vidaregåande opplæring, der delar av opplæringa finn stad i bedrift og arbeidsliv.
Overordna del av læreplanverket utdjupar verdigrunnlaget i formålsparagrafen i opplæringslova og dei overordna prinsippa for grunnopplæringa. Han består av denne innleiinga, attgiving av formålsparagrafen og tre kapittel: 1. Verdigrunnlaget for opplæringa, 2. Prinsipp for læring, utvikling og danning og 3. Prinsipp for praksisen i skolen. Læreplanane for faga skildrar innhaldet i og målet med faga. Overordna del gir retning for opplæringa i fag, og alle fag bidrar til å realisere det breie formålet med opplæringa. Heile læreplanverket er grunnlaget for opplæringa, og dei ulike delane heng tett saman og må brukast saman.
Den overordna delen beskriv det grunnsynet som skal prege pedagogisk praksis i heile grunnopplæringa. Han skal òg liggje til grunn for samarbeidet mellom heim og skole. Overordna del tydeleggjer ansvaret skolen og lærebedrifta har for danning og for utvikling av kompetansen til alle deltakarane i grunnopplæringa. Alle som arbeider i grunnopplæringa, må la dette grunnsynet prege planlegginga, gjennomføringa og utviklinga av opplæringa.
Hovudmålgruppa for overordna del er alle som har eit ansvar for opplæringa: lærarar, instruktørar, assistentar, skoleleiarar, skoleeigarar, andre yrkesgrupper i skolen og lærebedrifter. Den overordna delen gjeld opplæringa for elevar, lærlingar, lærekandidatar, praksisbrevkandidatar og vaksne deltakarar i grunnskole, vidaregåande skole og vaksenopplæring. I overordna del er omgrepa «elev», «lærar» og «skole» i hovudsak nytta om alle som deltek i opplæring, alle tilsette, alle skolar og alle lærebedrifter. Lærarutdanningane skal byggje på opplæringslova og gjeldande læreplanverk for grunnopplæringa, inkludert overordna del.
Den overordna delen har status som forskrift saman med resten av læreplanverket, og må lesast i lys av opplæringslova og anna relevant regelverk som gjeld for opplæringa i skole og lærebedrift. Til dømes må omtalen av tilpassa opplæring i kapittel 3 sjåast i samanheng med regelverket for tilpassa opplæring og spesialundervisning, elevvurdering, organisering av undervisninga og foreldresamarbeid.
Skole og lærebedrift er likeverdige læringsarenaer. Opplæringa på desse arenaene byggjer på det same verdigrunnlaget og dei same prinsippa, men det må takast omsyn til at opplæring i arbeidslivet har nokre krav og rammer som er forskjellige frå opplæring i skole. Lærebedriftene har, i likskap med skolen, ansvar for at den opplæringa som blir gitt, er i samsvar med opplæringslova og læreplanverket. Trepartssamarbeidet har lang tradisjon for å utvikle fag- og yrkesopplæringa i fellesskap.
Samane i Noreg har ifølgje ILO-konvensjonen status som urfolk. Grunnlova fastset at staten skal leggje forholda til rette for at samane kan sikre og utvikle samisk språk, kultur og samfunnsliv, noko som er følgt opp i opplæringslova. Den overordna delen gjeld òg den samiske skolen. Nemninga «den samiske skolen» er nytta om opplæring som følgjer eit samisk parallelt likeverdig læreplanverk. Det samiske læreplanverket gjeld i dei kommunane som er ein del av forvaltningsområdet for samisk språk. Det same læreplanverket gjeld for elevar som har rett til opplæring på samisk språk i landet elles. Elevar i resten av landet som har rett til opplæring i samisk språk, skal følgje det samiske læreplanverket i faget samisk. Skolen har ansvar for at desse rettane blir oppfylte.