Privatskolelova
§ 3-4b Tidleg innsats på 1. til 4. trinn
På 1. til 4. årstrinn skal skolen sørgje for at elevar som står i fare for å bli hengande etter i lesing, skriving eller rekning, raskt får eigna intensiv opplæring slik at forventa progresjon blir nådd. Om omsynet til eleven sitt beste talar for det, kan den intensive opplæringa i ein kort periode givast som eineundervisning.
Føyd til med lov 8 mai 2018 nr. 27 (ikr. 1 aug 2018 iflg. res. 8 juni 2018 nr. 825). Vert endra ved lov 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft frå den tida Kongen fastset).