Privatskolelova
§ 3-3 Skolegangen
Ein elev som har fått plass ved ein grunnskole som er godkjend etter denne lova, har rett til å fullføre opplæringa si ved skolen, så langt skolen er godkjend.
Opplæringslova § 2-1 tredje ledd om utsett skolestart og tidlegare skolestart og § 2-1 fjerde ledd om heilt eller delvis fritak frå opplæringsplikta gjeld tilsvarande for elevar i grunnskolar som er godkjende etter denne lova. Heimkommunen gjer vedtak. Departementet er klageinstans.
Ein elev som har fått plass ved ein vidaregåande skole som er godkjend etter denne lova, har rett til å fullføre trinnet med mindre eleven kan visast bort, jf. § 3-10.
Opplæringslova § 3-1 fjerde ledd om omval og § 3-1 femte ledd om opplæring i inntil to år ekstra gjeld tilsvarande så langt dei passar for elevar i vidaregåande skolar som er godkjende etter denne lova. Heimfylket gjer vedtak.
Endra med lover 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 24 juni 2011 nr. 37 (ikr. 1 aug 2011 iflg. res. 24 juni 2011 nr. 639), 24 apr 2015 nr. 23, 21 juni 2019 nr. 60 (ikr. 1 aug 2019 iflg. res. 21 juni 2019 nr. 778). Vert endra ved lov 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft frå den tida Kongen fastset).