Privatskolelova
§ 4-5 Personale som ikkje er tilsett i undervisningsstilling og som skal hjelpe til i opplæringa
Personale som ikkje er tilsett i undervisningstilling etter § 4-2 kan hjelpe til i opplæringa dersom dei får nødvendig rettleiing. Slik hjelp må berre skje på ei slik måte og i eit slikt omfang at eleven får forsvarleg utbytte av opplæringa. Personale som ikkje er tilsett i undervisningstilling skal ikkje ha ansvaret for opplæringa.
Føyd til med lov 21 juni 2013 nr. 98 (ikr. 1 aug 2013 iflg. res. 21 juni 2013 nr. 685). Vert endra ved lov 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft frå den tida Kongen fastset).