Privatskolelova
§ 5-3 Elevråd
Ved grunnskolar skal det vere elevråd for årstrinna 5-10 med representantar for elevane. Skolen fastset talet på elevrepresentantar. Vidaregåande skolar skal ha eit elevråd på minst 5 medlemmer med varamedlemmer.
Elevrådet blir valt av elevane ved skriftleg røysting. Representantane skal veljast seinast tre veker etter at skolen har teke til om hausten.
Elevrådet skal blant anna fremje fellesinteressene til elevane på skolen og arbeide for å skape eit godt lærings- og skolemiljø.
Endra med lov 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757). Vert oppheva ved lov 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft frå den tida Kongen fastset).