Privatskolelova
§ 6A-7 Andre føresegner
Følgjande føresegner i denne lova gjeld så langt dei passar for skolar etter dette kapittelet:
- § 1-2 om verkeområdet
- § 2-2 om krav til verksemda til skolen, med unntak av tredje ledd. Dersom ein skole etter dette kapittelet har færre enn 10 elevar tre skoleår i samanheng, fell godkjenninga bort
- § 2-4 om krav til skoleanlegg og skolemiljø
- § 3-3 tredje ledd om skolegangen
- § 3-4 om organisering av elevane i klassar eller basisgrupper
- § 3-4a om tilpassa opplæring
- § 3-9 om ordensreglement
- § 3-15 om forbod mot bruk av klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet
- § 4-1 om leiing
- § 5-1 om styret, med unntak av bokstavane a og c
- § 5-2 om styret sine oppgåver, med unntak av bokstavane a og e
- § 5-3 om elevråd, med unntak av første ledd første og andre punktum
- § 7-1 om budsjett, rekneskap og rapportering
- § 7-2 om tilsyn m.m.
- § 7-2a om moglege reaksjonsformer, med unntak av fjerde ledd.
- § 7-2b om karantene
- § 7-3 om teieplikt
- § 7-9 første og femte ledd om behandling av personopplysningar.
Føyd til med lov 19 juni 2020 nr. 91 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 11 des 2020 nr. 2710), endra med lov 11 juni 2021 nr. 80 som retta ved ny kunngjering 25 juni 2021 nr. 2136 (ikr. 1 aug 2021 iflg. res. 11 juni 2021 nr. 1899). Vert endra ved lov 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft frå den tida Kongen fastset).