Privatskolelova
§ 3-14 Opplæring av elevar med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)
Elevar som heilt eller delvis manglar funksjonell tale og som har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon, skal få nytte eigna kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel i opplæringa.
Når ein elev ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har eleven rett til spesialundervisning etter reglane i § 3-6. Dette inkluderer nødvendig opplæring i bruk av alternativ og supplerande kommunikasjon.
Føyd til med lov 22 juni 2012 nr. 53 (ikr. 1 aug 2012 iflg. res. 22 juni 2012 nr. 582). Vert endra ved lov 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft frå den tida Kongen fastset).