Privatskolelova
§ 7-6 Straffeansvar
Dersom ein elev i grunnskolen utan å ha rett til det har fråvær frå den pliktige opplæringa, kan foreldra eller andre som har omsorg for eleven, straffast med bøter dersom fråværet kjem av at dei har handla forsettleg eller aktlaust.
Endra med lov 18 juni 2021 nr. 122 (i kraft 1 juli 2022 iflg. res. 8 april 2022 nr. 570). Vert endra ved lov 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft frå den tida Kongen fastset).