Privatskolelova
§ 3-6 Spesialundervisning og pedagogisk-psykologisk teneste
Opplæringslova § 5-1 om rett til spesialundervisning, § 5-3 om sakkunnig vurdering, § 5-4 om saksbehandlinga i samband med vedtak om spesialundervisning og § 5-5 om unntak frå reglane om innhaldet i opplæringa og om kompetansekrav gjeld tilsvarande.
Heimkommunen eller heimfylket til eleven sørgjer for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering og gjer vedtak om spesialundervisning. Heimkommunen eller heimfylket skal dekkje utgiftene til spesialundervisning i private skolar på lik linje med offentlege skolar. Berekninga av midlar til spesialundervisning skal vere relatert til talet elevar med spesialundervisning. I tvilstilfelle avgjer departementet kva kommune eller fylkeskommune som er ansvarleg for kostnadene. Departementet har tilsvarande ansvar for elevar ved norske skolar i utlandet.
Departementet kan gi forskrift om gjennomføring av reglane om spesialundervisning.
Departementet er klageinstans for klage over kommunale og fylkeskommunale enkeltvedtak om spesialundervisning.
Føresegna gjeld ikkje opplæringstilbod som er spesielt organisert for vaksne.
Den pedagogisk-psykologiske tenesta i vertskommunen skal hjelpe skolen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje betre til rette for elevar med særlege behov.
Endra med lover 26 nov 2004 nr. 74 (ikr. 1 des 2004, sjå lovas III), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 22 juni 2012 nr. 53 (ikr. 1 jan 2014 iflg. res. 22 juni 2012 nr. 582), 16 juni 2017 nr. 70 (ikr. 1 aug 2017 iflg. res. 16 juni 2017 nr. 754), 10 juni 2022 nr. 39 (i kraft 15 juni 2022 iflg. res. 10 juni 2022 nr. 997). Vert endra ved lov 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft frå den tida Kongen fastset).