Privatskolelova
§ 7-4 Opplysningsplikt til barnevernet
Tilsette i skolen skal i arbeidet sitt vere merksame på forhold som kan føre til tiltak frå barnevernstenesta.
Tilsette i skolen skal utan hinder av teieplikta melde frå til barnevernstenesta utan ugrunna opphald
- når det er grunn til å tru at eit barn blir eller vil bli mishandla, utsett for alvorlege manglar ved den daglege omsorga eller anna alvorleg omsorgssvikt,
- når det er grunn til å tru at eit barn har ein livstruande eller annan alvorleg sjukdom eller skade og ikkje kjem til undersøking eller behandling,
- når det er grunn til å tru at eit barn med nedsett funksjonsevne eller eit spesielt hjelpetrengande barn ikkje får dekt sitt særlege behov for behandling eller opplæring,
- når eit barn viser alvorlege åtferdsvanskar i form av alvorlege eller gjentatte brotsverk, problematisk bruk av rusmiddeler eller ei anna form for utprega normlaus åtferd,
- når det er grunn til å tru at eit barn blir eller vil bli utnytta til menneskehandel.
Alle som utfører teneste eller arbeid etter denne lova, pliktar også å gi opplysningar etter pålegg i samsvar med barnevernsloven § 13-4.
Endra med lover 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 20 apr 2018 nr. 5 (ikr. 1 juli 2018 iflg. res. 8 juni 2018 nr. 839), 11 juni 2021 nr. 78 som endra med lov 10 juni 2022 nr. 39 (i kraft 1 aug 2022 iflg. res. 20 mai 2022 nr. 871), 18 juni 2021 nr. 97 (i kraft 1 jan 2023 iflg. res. 14 okt 2022 nr. 1739). Vert endra ved lov 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft frå den tida Kongen fastset).