Privatskolelova
§ 5-1 Styret
Som øvste ansvarlege organ skal kvar skole ha eit styre. Skolen sitt styre skal oppnemnast i samsvar med det rettsgrunnlaget skolen blir driven etter.
Rett til å vere til stades på møte i styret, til å seie meininga si og få denne tilført protokollen, har:
- ein representant oppnemnd av vertskommunen når det gjeld ein grunnskole, ein representant oppnemnd av fylkeskommunen når det gjeld ein vidaregåande skole,
- ein representant for elevrådet ved skolar som har slikt råd,
- ein representant frå foreldrerådet ved skolar som har slikt råd,
- ein representant for undervisningspersonalet ved skolen,
- ein representant for andre tilsette ved skolen,
- dagleg leiar av skolen.
Departementet kan i særskilde tilfelle og etter søknad gjere unntak frå andre ledd.
Ved handsaming av saker der det gjeld teieplikt etter lov og forskrift, skal styret sørgje for at personar med møterett som er under aldersgrensa for å vere myndige, må forlate møtet.
Endra med lover 26 nov 2004 nr. 74 (ikr. 1 des 2004, sjå lovas III), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757). Vert endra ved lov 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft frå den tida Kongen fastset).