Privatskolelova
§ 3-15 Forbod mot bruk av klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet
Elevar skal ikkje bruke klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet
- i undervisninga og vurderingssituasjonar
- på turar og arrangement i regi av skolen
- når skoleeigaren tilbyr leksehjelp
- i skolefritidsordninga
Forbodet i første ledd gjeld ikkje dersom bruken av slike plagg er grunngitt i klimatiske, pedagogiske, helsemessige eller tryggleiksmessige forhold.
Ved brot på forbodet i første ledd kan det nyttast reaksjonar som følgjer av ordensreglementet til skolen.
Dei som underviser på skolen, skal ikkje bruke klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet når dei underviser elevane, med mindre bruken av slike plagg er grunngitt i klimatiske, pedagogiske, helsemessige eller tryggleiksmessige forhold. Dersom nokon bruker klesplagg i strid med forbodet, skal styret gi personen pålegg om å ta bort plagget. Gjentekne brot på forbodet kan vere grunnlag for oppseiing.
Føyd til med lov 22 juni 2018 nr. 85 (ikr. 1 aug 2018 iflg. res. 22 juni 2018 nr. 946). Vert endra ved lov 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft frå den tida Kongen fastset).