Privatskolelova
§ 7-2c Informasjonsinnhenting og evaluering
Departementet kan gi forskrift som pålegg dei ansvarlege for opplæringsverksemda og dei som mottek opplæring, å gi opplysningar og delta i evalueringar og rapportere om forhold som er av betydning for evaluering av opplæringsverksemda.
Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, så langt dette er nødvendig for å evaluere opplæringsverksemda som er omfatta av denne lova. Opplysningane kan også brukast som grunnlag for forsking, analyse og statistikk. Departementet kan gi forskrift om kva opplysningar Utdanningsdirektoratet kan behandle, og om behandlinga.
Føyd til med lov 11 juni 2021 nr. 80 (ikr. 1 aug 2021 iflg. res. 11 juni 2021 nr. 1899). Vert endra ved lov 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft frå den tida Kongen fastset).