Privatskolelova
§ 2-4 Krav til skoleanlegg og skolemiljø
Skoleanlegga må vere godkjende av departementet. Anlegga må liggje samla.
Opplæringslova kapittel 9 A om elevane sitt skolemiljø gjeld også for skolar godkjende etter lova her, med unntak av §§ 9 A-10 og 9 A-11. I saker om skolebyte etter § 9 A-12 er det heimkommunen eller heimfylket som gjer vedtak. Departementet er klageinstans for enkeltvedtak etter § 9 A-7 om det fysiske skolemiljøet og enkeltvedtak etter § 9 A-12 om skolebyte.
Endra med lover 26 nov 2004 nr. 74 (ikr. 1 des 2004, sjå lovas III), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 9 juni 2017 nr. 38 (ikr. 1 aug 2017 iflg. res. 9 juni 2017 nr. 711), 21 juni 2019 nr. 60 (ikr. 1 aug 2019 iflg. res. 21 juni 2019 nr. 778). Vert endra ved lov 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft frå den tida Kongen fastset).