Privatskolelova
§ 5-2 Styret sine oppgåver
Styret har den øvste leiinga av skolen og skal sjå til at skolen blir driven i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.
Styret skal:
- sjå til at elevar i opplæringspliktig alder som blir tekne inn ved skolen, får oppfylt retten til grunnskoleopplæring, og melde frå til foreldra og heimkommunen til elevar som over lengre tid ikkje møter fram til undervisninga utan lovleg grunn,
- fastsetje storleiken på skolepengane,
- vedta budsjett og rekneskap for skolen,
- fastsetje inntaks- og ordensreglement for skolen,
- fremje saker om skolebyte etter opplæringslova § 9 A-12, jf. § 2-4 andre ledd i denne lova og bortvising etter § 3-10 andre ledd i denne lova,
- ha ansvar for at skolen har ei forsvarleg økonomi- og rekneskapsforvaltning,
- sjå til at offentlege tilskot og skolepengar kjem elevane til gode,
- sjå til at offentlege krav og føresetnader for verksemda blir oppfylte.
- sørgje for å ha rett og nødvendig kompetanse i verksemda. Styret skal sørgje for at lærarar, dagleg leiar og andre tilsette i skolen får høve til å utvikle seg fagleg og pedagogisk så dei kan vere på høgd med utviklinga i skolen og samfunnet.
- tilsetje dagleg leiar.
- drøfte den årlege rapporten om tilstanden i skolen som er utarbeidd etter § 5-2b.
I andre saker enn dei som følgjer av andre ledd, kan styret med 2/3 fleirtal delegere avgjerdsretten.
Endra med lover 2 juli 2004 nr. 69 (ikr. 1 sep 2004 iflg. res. 2 juli 2004 nr. 1064), 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005 iflg. res. 17 juni 2005 nr. 660), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 19 juni 2009 nr. 94 (ikr. 1 aug 2009 iflg. res. 19 juni 2009 nr. 675), 19 juni 2020 nr. 91 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 11 des 2020 nr. 2710). Vert endra ved lov 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft frå den tida Kongen fastset).