Opplæringslova
§ 11-3 Intensiv opplæring på 1. til 4. trinn
På 1. til 4. trinn skal kommunen sørgje for at elevar som står i fare for ikkje å ha forventa progresjon i lesing, skriving eller rekning, raskt får eigna intensiv opplæring. Dersom det er best for eleven, kan den intensive opplæringa i ein kort periode givast som eineundervisning.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører innhaldet i dagens lov § 1-4, og er omtalt i punkt 24 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første punktum slår fast at kommunen skal sørgje for at elevar på 1. til 4. trinn som står i fare for ikkje å ha forventa progresjon i lesing, skriving eller rekning, raskt får eigna intensiv opplæring. Intensiv opplæring er ein del av den ordinære tilpassa opplæringa, men er kjenneteikna av kortvarig og målretta innsats frå skolen i lesing, skriving og rekning for elevar som treng det. Elevane skal ikkje ha avvik frå kompetansemåla i læreplanverket, men skal setjast i stand til å følgje ein alminneleg progresjon i undervisninga. Elevar som treng avvik frå kompetansemåla i læreplanverket, eller som ikkje får tilfredsstillande utbytte av opplæringa trass i den ekstra innsatsen, kan ha rett til individuell tilrettelegging etter §§ 11-4, 11-5 og 11-6.
Paragrafen gir kommunen ei plikt, men korresponderer ikkje med ein tilsvarande rett for elevane. Dette betyr mellom anna at det ved intensiv opplæring ikkje skal gjerast enkeltvedtak. Paragrafen gir kommunen og skolen eit profesjonelt handlingsrom, men rammene i lova må følgjast.
Andre punktum slår fast at dersom det er til det beste for eleven, kan den intensive opplæringa i ein kortare periode bli gitt som eineundervisning, jf. også § 10-1. Elles gjeld dei ordinære reglane for organisering av opplæringa, sjå § 14-2.