Opplæringsloven

Innhold og søk

Opplæringsloven

§ 28-9 Karriererettleiing

Fylkeskommunen skal ha eit tilbod om gratis karriererettleiing for dei som er folkeregistrert som busette i fylket. Fylkeskommunen skal samarbeide med Arbeids- og velferdsetaten om tilbodet.

Departementet kan gi forskrift om innhaldet i og omfanget av karriererettleiinga og om korleis tilbodet skal vere organisert.

Forarbeid til loven

Paragrafen vidarefører § 13-3 f i dagens lov og er omtalt i punkt 46 i Prop. 57 L (2022–2023)

Etter første ledd skal alle fylkeskommunar ha eit tilbod om karriererettleiing. Tilbodet skal gjelde for dei som er busette i fylkeskommunen, og vere gratis. At tilbodet skal gjelde alle som er busette i fylkeskommunane, betyr ikkje at dei har ein individuell rett til å få rettleiing. Fylkeskommunane kan gjere prioriteringar og val innanfor rammene i lova og dei økonomiske rammene som følgjer med ordninga. Plikta til fylkeskommunen etter § 28-9 strekkjer seg ikkje lenger enn det som innan rimelege grenser kan finansierast av midlane som er lagde inn i rammeoverføringane til fylkeskommunane. Tilbodet er avgrensa til dei som er folkeregistrerte som busette i fylkeskommunen. Personar som oppheld seg mellombels i fylket, til dømes studentar og vernepliktige frå andre fylkeskommunar, vil ikkje vere omfatta av tilbodet.

Paragrafen må skiljast frå § 16-1 om ansvaret kommunen og fylkeskommunen har for rådgiving om utdannings- og yrkesval. Tilbodet etter § 28-9 er eit karriererettleiingstilbod til busette i fylket generelt, medan rådgiving etter § 16-1 er retta mot dei som deltek i grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring.

Andre ledd gir departementet heimel til å gi forskrift om innhaldet i og organiseringa og omfanget av tilbodet om karriererettleiing.