Opplæringsloven

Innhold og søk

Opplæringsloven

§ 7-10 Lærebedriftene sitt ansvar for opplæringa

Lærebedriftene skal lage ein plan som sikrar at opplæringa er i samsvar med kontraktane til dei som har læretid i bedrifta, og dei skal leggje produksjonen til rette for denne opplæringa.

Lærebedriftene skal skape eit godt arbeids- og læringsmiljø. Den samla arbeids- og opplæringstida til dei som har læretid, skal ikkje vere lengre enn arbeidstida til andre arbeidstakarar.

Lærebedrifter som ikkje lenger kan gi opplæring i samsvar med kontrakten, skal melde frå til fylkeskommunen.

Forarbeid til loven

Paragrafen erstattar dagens lov § 4-4 og er omtalt i punkt 42, særleg 42.4 i Prop. 57 L (2022–2023).

Første ledd pålegg lærebedrifta å planleggje verksemda og produksjonen på ein måte som legg til rette for at dei som har læretid i bedrift får opplæring i samsvar med kontrakten om opplæring. Dersom to eller fleire bedrifter samarbeider om opplæringa for dei som har læretid i bedrift, må bedriftene ha ein plan for samarbeidet og samordne verksemdene på ein måte som sikrar at dei som har læretid i bedrift får opplæring i samsvar med kontrakten om opplæring. Tilsvarande gjeld der fylkeskommunen har ansvaret for delar av opplæringa for nokon som har læretid i bedrift.

Ansvaret til lærebedrifta etter andre ledd går noko lenger enn kravet i arbeidsmiljølova når lærebedriftene får eit ansvar for å skape eit godt læringsmiljø. Andre punktum inneber at både opplæringsdelen og verdiskapingsdelen av læreforholdet skal gå føre seg innanfor det som er den normale arbeidstida for tilsette i bedrifta.

Tredje ledd pålegg lærebedrifta ei meldeplikt dersom bedrifta ikkje lenger kan oppfylle krava til lærebedrifter, jf. § 7-6. Dette vil til dømes gjelde der bedrifta av ulike årsaker blir lagd ned, eller dersom det skjer omfattande endringar i produksjonen. Meldeplikta vil også gjelde der lærebedrifta er i tvil om ho kan gi lærekandidaten tilfredsstillande utbytte av opplæringa, sjå også § 7-4 sjette ledd.