Opplæringsloven

Innhold og søk

Opplæringsloven

§ 19-10 Opplæring i punktskrift for vaksne deltakarar

Deltakarar i den førebuande og vidaregåande opplæringa for vaksne har rett til opplæring i punktskrift etter §§ 3-5 og 6-4. Dei har også rett til mobilitetstrening etter § 11-5 andre ledd.

Forarbeid til loven

Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 43.21 i Prop. 57 L (2022–2023).

Første ledd slår fast at §§ 3-5 og 6-4 gjeld for deltakarar i førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne. Sjå merknaden til §§ 3-5 og 6-4. Andre ledd slår fast at deltakarane også har rett til opplæring i mobilitet etter § 11-5 andre ledd. Sjå merknaden til § 11-5 andre ledd. Vaksne deltakarar har ikkje rett til eit visst antal timar med opplæring i punktskrift og mobilitetstrening.