Opplæringsloven
§ 15-4 Ordlister, ordbøker og skriveprogram
Dei norskspråklege trykte og digitale ordlistene og ordbøkene skolen brukar, skal vere godkjende av Språkrådet.
Skolen skal bruke skriveprogram som støttar både bokmål og nynorsk, og som følgjer offisiell rettskriving.
Forarbeid til loven
Paragrafen erstattar delvis dagens lov § 9-4 og er delvis ny. Paragrafen er omtalt i punkt 18 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd omfattar ikkje samiske ordlister og ordbøker. Kravet gjeld heller ikkje for tospråklege ordlister, til dømes frå engelsk til norsk. Regelen er ikkje til hinder for at elevane av og til slår opp i ordlister og ordbøker som ikkje er godkjende av Språkrådet, men desse ordlistene og ordbøkene kan ikkje brukast systematisk i opplæringa.
Andre ledd stiller krav til at skolen bruker skriveprogram som har både bokmål og nynorsk, og som følgjer offisiell rettskriving. Uttrykket «skriveprogram» omfattar ulike former for læringsverktøy og tekstbehandlingsprogram med tekststøtte, rettefunksjonar o.l.