Opplæringsloven

Innhold og søk

Opplæringsloven

§ 19-4 Rett til opplæring i og på samisk for vaksne deltakarar

Samiske deltakarar i den førebuande og vidaregåande opplæringa for vaksne har rett til opplæring i samisk. Samiske deltakarar i den førebuande opplæringa for vaksne som bur i språkutviklingskommunar eller språkvitaliseringskommunar etter sameloven § 3-1, har rett til opplæring på samisk når det er nødvendig for å få forsvarleg utbytte av opplæringa.

Endra ved lov 14 juni 2024 nr. 36.

Forarbeid til loven

I andre punktum er begrepet «forvaltningsområdet for samisk språk» erstattet med «språkutviklingskommunar eller språkvitaliseringskommunar». Endringen medfører ingen realitetsendring. Forslaget er nærmere omtalt i punkt 5 i Prop. 62 L (2023–2024).


Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 43.19 i Prop. 57 L (2022–2023).

Paragrafen gjeld samiske deltakarar. Med samar meinast her dei som kan skrivast inn i Sametingets valmanntal jf. samelova § 2-6 første ledd, og barna deira. At ein «kan» skrivast inn i valmanntalet, betyr at det ikkje er eit krav at verken deltakaren eller foreldra faktisk er registrerte i Sametingets valmanntal. Det er nok at deltakaren tilfredsstiller kravet til å kunne bli registrert, eller at foreldra kan registrerast.

Første punktum inneber at retten til førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne omfattar ein rett til opplæring i samisk for samiske deltakarar.

Andre punktum gjeld berre førebuande opplæring og handlar om retten til opplæring samisk. Retten til opplæring på samisk i opplæringa for vaksne er ikkje den same som retten til opplæring på samisk for barn og unge etter § 3-2. Vilkåret for retten til opplæring på samisk er at det er «nødvendig for å få forsvarleg utbytte av opplæringa». I vurderinga av om vilkåret er oppfylt, skal det leggjast vekt på føresetnadene til deltakaren og moglegheita til utbytte av opplæringa. I praksis har deltakarar i opplæringa for vaksne berre rett til opplæring på samisk dersom dei ikkje kan følgje opplæringa på norsk. Sjå omtalen av kva forvaltningsområdet for samiske språk er, i merknaden til § 3-2 andre ledd.