Opplæringsloven

Innhold og søk

Opplæringsloven

§ 8-1 Rådgivande organ for fag- og yrkesopplæringa

Departementet skal nemne opp eit organ for samarbeid om fag- og yrkesopplæringa som skal gi departementet råd om, og ta initiativ til å fremje, fag- og yrkesopplæringa.

Departementet skal nemne opp faglege råd for fag- og yrkesopplæringa. Kvart fag eller fagområde i fag- og yrkesopplæringa skal vere knytt til eit fagleg råd.

Departementet skal nemne opp læreplangrupper som skal hjelpe til i arbeidet med å fastsetje innhaldet i fag- og yrkesopplæringa.

Departementet kan gi forskrift om samansetjinga av og oppgåvene til organa som er nemnde i denne paragrafen.

Forarbeid til loven

Paragrafen vidarefører reglane i dagens lov §§ 12-1, 12-2 og 12-5 om at departementet skal nemne opp eit organ for samarbeid om fag- og yrkesopplæringa, nemne opp faglege råd for fag- og yrkesopplæringa og nemne opp læreplangrupper som skal hjelpe til i arbeidet med å fastsetje innhaldet i fag- og yrkesopplæringa. Paragrafen er omtalt i punkt 48 i Prop. 57 L (2022–2023).

Paragrafen er meint å sikre at dei aktuelle organa blir nemnde opp. Første til tredje ledd gir overordna føringar for kva oppgåver som ligg til organa, men fører i hovudsak ikkje vidare dagens meir detaljerte lovregulering av samansetninga og oppgåvene til organa. Fjerde ledd gir heimel til at departementet kan gi reglar i forskrift om samansetninga og oppgåvene til organa.