Opplæringsloven

Innhold og søk

Opplæringsloven

§ 22-6 Statleg tilsyn med private skolar

Departementet fører tilsyn med private skolar, jf. § 29-2 andre ledd. Reglane i kommuneloven §§ 30-3 og 30-4 gjeld for tilsynsverksemda.

Forarbeid til loven

Paragrafen erstattar dagens lov § 14-1 andre ledd og er omtalt i punkt 65 i Prop. 57 L (2022–2023).

Det følgjer av regelen at staten fører tilsyn med private skolar godkjende etter opplæringslova. Tilsynsmakta er i lova lagd til departementet, men ordinær delegering er mogleg. Til liks med tilsynet med kommunepliktene gjeld kommunelova også for tilsynet med dei private skolane. Sjå også § 29-2 og merknaden til denne.