Opplæringsloven

Innhold og søk

Opplæringsloven

§ 19-13 Kompetansekrav i opplæringa for vaksne

Reglane i §§ 17-3, 17-4 og 17-5 om kompetansekrav for lærarar og kvalifikasjonsprinsippet gjeld i den førebuande og den vidaregåande opplæringa for vaksne.

Første ledd gjeld ikkje for opplæring etter § 19-6. Opplæringa skal likevel skje under fagleg og pedagogisk rettleiing.

Departementet kan gi forskrift om kompetansekrav for dei som skal undervise i forsterka opplæring i norsk.

Forarbeid til loven

Første ledd vidarefører dagens lov § 4A-5, medan andre ledd er nytt. Paragrafen er omtalt i punkt 43.29 i Prop. 57 L (2022–2023).

Første ledd fastset at reglane i §§ 17-3, 17-4 og 17-5 gjeld for dei som skal tilsetjast i førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne. Sjå merknaden til §§ 17-3, 17-4 og 17-5. Konkrete krav til kompetanse for dei som skal tilsetjast i førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne, kan fastsetjast i forskrift med heimel i § 17-3 tredje ledd.

Andre ledd inneber eit unntak frå krava i første ledd med tilhøyrande forskrifter for dei som skal undervise i grunnleggjande ferdigheiter etter § 19-6.

Tredje ledd gir departementet heimel til å fastsetje krav om kompetanse for dei som skal undervise i forsterka opplæring i norsk. Forsterka opplæring i norsk for vaksne er regulert i § 19-8.