Opplæringsloven

Innhold og søk

Opplæringsloven

§ 23-3 Godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring

Den som har utanlandsk fag- eller yrkesopplæring, kan søke departementet om å få ei godkjenning av opplæringa. Departementet skal godkjenne opplæring som har same nivå og omfang som den norske vidaregåande opplæringa og inneheld mange av dei vesentlege elementa i det aktuelle faget. Opplæring som er godkjent, er sidestilt med norsk fag- eller sveinebrev eller vitnemål.

Departementet kan gi forskrift om vilkår for godkjenning, saksbehandling, klage og om oppnemning av klagenemnd.

Forarbeid til loven

Paragrafen er i hovudsak ei vidareføring av § 3-4 a og § 3-4 b i dagens lov og er omtalt i punkt 49 i Prop. 57 L (2022–2023).

Første ledd gir departementet kompetanse til å godkjenne utanlandsk fagopplæring som sidestilt med norsk vidaregåande opplæring.

Andre ledd gir departementet heimel til å fastsetje vilkår for godkjenning og reglar om saksbehandling, klage i forskrift og om oppnemning av klagenemnd. Innhaldet i dagens § 3-4 b er vidareført som del av forskriftsheimelen. Reglane om klage kan mellom anna omfatte kven som skal vere klageinstans, og at klagetilgangen ikkje skal gjelde alle delar av vedtaket.