Opplæringsloven

Innhold og søk

Opplæringsloven

§ 1-7 Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk

Departementet kan gi forskrift om nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk.

Forarbeid til loven

Paragrafen vidarefører delar av innhaldet i dagens § 2-3 tredje ledd og § 3-4 første ledd og er omtalt i punkt 11, sjå særleg punkt 11.5.2 i Prop. 57 L (2022–2023).

Paragrafen vidarefører ein heimel til å gi forskrift om nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk. Formålet med ei slik forskrift vil vere å fastsetje eit nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring med tilvising til nivåa i Det europeiske kvalifikasjonsrammeverket for livslang læring (EQF) slik dette framstår i rekommandasjonen frå Europaparlamentet og Det europeiske råd av 23. april 2008, som er tatt inn i EØS-avtalens protokoll 31. Forskrift om dette var tidlegare heimla i reglane om at departementet kunne gi forskrift om mål for opplæringa.