Opplæringsloven

Innhold og søk

Opplæringsloven

§ 19-12 Rådgiving om utdannings- og yrkesval i opplæringa for vaksne

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at deltakarar i den førebuande og den vidaregåande opplæringa for vaksne får rådgiving om utdannings- og yrkesval.

Forarbeid til loven

Paragrafen er delvis ny, og vidarefører delvis § 4A-8. Paragrafen er omtalt i punkt 43.27 i Prop. 57 L (2022–2023).

Plikta for kommunane og fylkeskommunane til å sørgje for rådgiving for deltakarar i førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne i første ledd gir ikkje ein individuell rett til rådgiving for den enkelte. Kommunane og fylkeskommunane vurderer korleis dei vil oppfylle plikta, og korleis dei vil organisere slike tilbod. Kommunane og fylkeskommunane kan vurdere om og i kva grad dei vil ha eit tilbod på kvar opplæringsstad, eller om dei vil samarbeide med andre opplæringsstader eller med fylkesvise karrieresenter.