Opplæringsloven

Innhold og søk

Opplæringsloven

§ 25-3 Innhenting av opplysningar frå folkeregisteret

Offentlege styresmakter kan utan hinder av teieplikt hente inn opplysningar frå folkeregisteret når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter denne lova. Departementet kan gi forskrift om kva for opplysningar som kan hentast inn.

Forarbeid til loven

Paragrafen vidarefører dagens lov § 15-9, og er omtalt i punkt 54 i Prop. 57 L (2022–2023).

Paragrafen slår fast at offentlege styresmakter, altså staten, kommunane og fylkeskommunane, utan hinder av teieplikta kan innhente opplysningar frå folkeregisteret når det er nødvendig for å utføre oppgåvene etter lova.

Døme på slike oppgåver er plikt til samarbeid med foreldra, å gjere vedtak om særskild språkopplæring, å undersøkje kvifor eit barn ikkje møter på skolen, og drift av skolefritidsordningar.

Informasjon som det kan vere «nødvendig» å innhente frå folkeregisteret, er opplysningar om ektefelle, registrert partnar, barn og foreldre.

Sjå elles Prop.86 LS (2017–2018), kapittel 13.2.