Opplæringsloven

Innhold og søk

Opplæringsloven

§ 19-8 Særskild språkopplæring for vaksne deltakarar

Deltakarar i den førebuande opplæringa for vaksne har rett til særskild språkopplæring etter § 3-6.

Deltakarar i den vidaregåande opplæringa for vaksne har rett til forsterka opplæring i norsk etter § 6-5 første ledd første punktum.

Forarbeid til loven

Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 43.20 i Prop. 57 L (2022–2023).

Første ledd inneber at § 3-6 også gjeld for deltakarar i førebuande opplæring for vaksne. Sjå merknaden til § 3-6.

Andre ledd inneber at deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne har rett til forsterka opplæring i norsk på same vilkår som elevar i vidaregåande opplæring. Deltakarar i opplæringa for vaksne har derimot ikkje rett til morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag. Fylkeskommunane kan likevel velje å tilby dette. Sjå merknaden til § 6-5 første ledd om forsterka norskopplæring.