Opplæringsloven

Innhold og søk

Opplæringsloven

§ 28-5 Ansvar for opplæringa til innsette i fengsel

Fylkeskommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring, førebuande opplæring for vaksne og vidaregåande opplæring for innsette i fengsel i fylket.

Dersom opplæringa ikkje blir gitt på skolen, skal kriminalomsorga sørgje for dei lokala som trengst.

Forarbeid til loven

Paragrafen erstattar § 13-2 a i dagens lov og er omtalt i punkt 53 i Prop. 57 L (2022–2023)

Ansvaret til fylkeskommunen etter første ledd omfattar både soningsinnsette og varetektsinnsette som har lovfesta rett til opplæring som ungdom eller vaksne. Ansvaret omfattar også innsette som sonar i ein overgangsbustad, jf. straffegjennomføringslova § 10. Innsette som sonar i heildøgnopphald i sjukehus, vil ikkje omfattast av denne paragrafen, men av ansvaret til fylkeskommunen etter § 28-4.

Ansvaret til kriminalomsorga etter andre ledd svarer til ansvaret til barneverninstitusjonane og helseinstitusjonane for lokale, sjå nærare omtale i merknaden til §§ 28-3 og 28-4.