Hopp til hovedinnhold
logologo
  • Høyringar
  • Kalender
  • Presse
  • Om Udir
  • In English
    • Velg nivå

      • Barnehage
      • Grunnskole
      • Videregående
    • Spesielt for

      • Private barnehager
      • Private skoler
      • Voksenopplæring
    • Annen opplæring

      • SFO
      • Kulturskolen
      • Folkehøgskoler
    • Barnehage

      • Rammeplan og støttemateriell
      • Barnehagemiljø
      • Omsorg
      • Lek
      • Læring
    • Skole og fagopplæring

      • Læreplanverket
      • Tilpasset opplæring
      • Vurderingspraksis
      • Skolemiljø
      • Opplæring i bedrift
      • Fravær
    • Temasider

      • Overganger
      • Minoritetsspråklige og nyankomne
      • Spesialpedagogikk
      • PP-tjenesten (PPT)
      • Samisk
      • Nasjonale minoriteter
    • Eksamen

      • Eksamen - oversikt
      • Finn eksamensoppgaver
      • Administrere eksamen
      • Forberede og ta eksamen
      • Muntlig eksamen
      • Privatisteksamen
    • Prøver

      • Prøver - oversikt
      • Nasjonale prøver
      • Kartleggingsprøver
    • Dokumentasjon

      • Vitnemål og kompetansebevis
      • Realkompetansevurdering
    • Kvalitet

      • Arbeid med kvalitet og kompetanse
      • Sikkerhet og beredskap
      • Ståstedsanalyser
      • Læremidler
      • Samarbeid med andre
    • Kompetansetilbud

      • Endringer kompetanseutvikling
      • Videreutdanning
      • Tilskudd for lokal kompetanseutvikling
      • Kompetansepakker
      • Alle kompetanseutviklingstilbud
    • Digitalisering

      • Digitalisering i skolen
      • Kunstig intelligens i skolen
      • Mobiler og smartklokker i skolen
    • Tall og forskning

      • Forskning og annet kunnskapsgrunnlag
      • Statistikk
      • Finn forskning og statistikk
      • Systemer for datainnsamling
      • Internasjonale studier
      • Barnehagefakta
      • Grunnskolens informasjonssystem (GSI)
    • Publikasjoner

      • Vetuva
      • Spørsmål til Skole-Norge
      • Spørsmål til Barnehage-Norge
      • Utdanningsspeilet
    • Brukerundersøkelser

      • Alle brukerundersøkelser
      • Elevundersøkelsen
      • Lærlingundersøkelsen
      • Foreldreundersøkelsen i barnehage
    • Regelverkstema

      • Barnehage – oversikt regelverk
      • Opplæring – oversikt regelverk
      • Spesielt for private skoler
      • Maler
      • Personvern (GDPR)
    • Tilsyn

      • Tilsyn - oversikt
      • Melde bekymring
    • Tilskudd

      • Tilskudd – oversikt
      • Tilskuddssatser

Du er her:

  • Forside
  • Regelverk og tilsyn
  • Skole og opplæring
  • Opplæringsloven
  • § 7-4 Kva rettar og plikter dei med læretid i bedrift har som arbeidstakarar. Tilhøvet til arbeidsmiljøloven

Opplæringslova

  • Til første side

§ 7-4 Kva rettar og plikter dei med læretid i bedrift har som arbeidstakarar. Tilhøvet til arbeidsmiljøloven

Dei som har læretid i bedrift, er arbeidstakarar i lærebedrifta, med dei rettane og pliktene som følgjer av lover og tariffavtalar.

Dei som skal ha læretid i bedrift, skal ha arbeidsavtale med lærebedrifta i tillegg til kontrakt om opplæring etter § 7-2. Lærebedrifta kan berre seie opp denne arbeidsavtalen dersom kontrakten om opplæring blir oppsagd eller heva etter § 7-3.

Dei første seks månadene av arbeidsforholdet kan arbeidsavtalen likevel seiast opp etter reglane i arbeidsmiljøloven §§ 15-3 og 15-6 dersom det er inngått kontrakt om full opplæring i bedrift. Kontrakten om opplæring fell bort dersom arbeidsavtalen blir oppsagd.

Arbeidsavtalen fell bort når læretida er over, eller dersom kontrakten om opplæring blir oppsagd eller heva.

Andre ledd andre punktum, tredje ledd og fjerde ledd gjeld ikkje arbeidsavtalar som partane har inngått uavhengig av kontrakten om opplæring.

Lærekandidatar har rett til individuell tilrettelegging etter §§ 11-4 til 11-6. For denne tilrettelegginga gjeld §§ 11-7 til 11-11 og § 11-13.

Vis på Lovdata.no

Forarbeid til loven

Paragrafen erstattar dagens lov §§ 4-2 og 4-5 tredje ledd og er omtalt i punkt 42, særleg 42.9 i Prop. 57 L (2022–2023).

Første ledd slår fast at dei som har læretid i bedrift er omfatta av reglane i arbeidsmiljølova, yrkesskadeforsikringslova og andre lover som gir reglar om arbeidstakarar. Også rettar og plikter som er fastsette i forskrift med heimel i relevante lover, gjeld for dei som har læretid i bedrift.

Andre ledd første punktum må sjåast i samanheng med første ledd. Det følgjer av arbeidsmiljølova § 14-5 at det skal inngåast arbeidsavtale i alle arbeidsforhold, og at slik avtale skal liggje føre seinast ein månad etter at arbeidsforholdet starta.

Tredje ledd er delvis ny. Regelen slår fast at reglane i arbeidsmiljølova om prøvetid gjeld for dei som har inngått ein kontrakt om opplæring som føreset at all programfagopplæringa blir gitt i bedrift.

Fjerde ledd presiserer at arbeidsforholdet og læreforholdet blir avslutta samtidig, uavhengig av årsaka til at arbeidsforholdet vart avslutta.

Femte ledd regulerer tilfelle der det er inngått ein ordinær arbeidsavtale mellom den som har læretid og lærebedrifta, som ikkje gjeld læreforholdet. Dette vil til dømes gjelde når arbeidsavtalen vart inngått før partane inngjekk kontrakt om læretid, noko som vil vere tilfellet for kandidatar til fagbrev på jobb. Femte ledd vil også gjelde der ein som har læretid i bedrift, i tillegg til læreforholdet har inngått ein ordinær arbeidsavtale om deltidstilsetjing, til dømes om helgejobb eller sommarjobb.

Sjette ledd vidarefører § 4-2 femte ledd i dagens lov. Regelen inneber at lærekandidatar har rett til individuell tilrettelegging etter §§ 11-4 til 11-6. For denne tilrettelegginga gjeld §§ 11-7 til 11-11 og § 11-13.

Neste side
Forrige side
Til toppen
  • Kontakt
  • Tlf: 23 30 12 00
  • Abonner på siste nytt
  • Personvernerklæring
  • Tilgjengelighetserklæring