Opplæringsloven
§ 14-4 Fjernundervisning
Delar av opplæringa kan gjennomførast utan at læraren er til stades saman med elevane (fjernundervisning) dersom det er gode grunnar for det og det er trygt og pedagogisk forsvarleg. At det må vere gode grunnar betyr at fordelane for elevane må vere større enn ulempene ved å gjennomføre opplæringa som fjernundervisning. Når det skal vurderast om det vil vere trygt og pedagogisk forsvarleg å gi delar av opplæringa som fjernundervisning, skal det mellom anna takast omsyn til elevane sitt høve til læring, utvikling, trivsel og sosial samkjensle.
Elevane skal få fjernundervisning på skolen. I særlege tilfelle kan ein elev få fjernundervisning andre stader enn på skolen. Elevar i vidaregåande skole kan også få unntak etter avtale med rektor.
Fjernundervisninga skal gjennomførast slik at elevane og læraren kan kommunisere effektivt. Dei tekniske løysingane som blir nytta, må leggje til rette for kommunikasjon i sanntid eller med kort responstid.
I område med låg busetnad og store avstandar kan fylkeskommunen tilby opplæring på vidaregåande trinn 1 og vidaregåande trinn 2 på yrkesfaglege utdanningsprogram med bruk av fjernundervisning i meir enn berre delar av opplæringa, så framt fjernundervisninga blir gitt i kombinasjon med praksis og jamlege fysiske samlingar. I slike tilfelle kan elevane få fjernundervisning andre stader enn på skolen, så framt fjernundervisninga blir mottatt i eigna lokale. Dei andre krava for bruk av fjernundervisning i denne paragrafen gjeld framleis.
Kommunen eller fylkeskommunen skal godtgjere at vilkåra i denne paragrafen er oppfylte.
Departementet kan gi forskrift om fjernundervisning.
Endra ved lov 19 juni 2026 nr. 59 (i kraft 1 aug 2026 iflg. res. 19 juni 2026 nr. 1137).
Forarbeid til loven
Det er lagt til et nytt fjerde ledd, omtalt i Prop. 79 L (2025-2026).
Fjerde ledd er nytt og gir fylkeskommunene, på visse vilkår, en utvidet mulighet til bruk av fjernundervisning.
Hva som er lav bosetting og store avstander vil bero på en lovbundet skjønnsmessig vurdering, hvor fylkeskommunen blant annet må se hen til at den nye unntaksregelen skal ivareta et behov for å opprettholde og styrke et desentralisert variert videregående opplæringstilbud. Et moment i vurderingen av vilkåret om lav bosetting, vil kunne være om det er så lav eller spredt befolkning at det vil være vanskelig for fylkeskommunen å etablere et godt og variert videregående opplæringstilbud med bærekraftig drift over tid. Det vil også kunne være relevant å se hen til om kommunen eller regionen har befolkningsnedgang, selv om fraflytting i seg selv ikke kan få avgjørende betydning for vurderingen av om det er lav bosetting. Når det gjelder vilkåret om store avstander, kan et moment i vurderingen være om elever vil ha rett på borteboerstipend dersom de går i et ordinært tilbud. De to vilkårene om lav bosetting og store avstander må ses i sammenheng.
Det er opp til fylkeskommunen å vurdere hvor praksisen gjennomføres. Dette kan for eksempel være i en bedrift, i en kommune eller i en organisasjon. Uavhengig av hvor fylkeskommunen legger praksisen, vil det være fylkeskommunen som er ansvarlig for at rettighetene og pliktene etter opplæringsloven blir ivaretatt.
Hva som oppfyller kravet til jevnlige fysiske samlinger, må vurderes konkret, og vil kunne variere ut ifra blant annet hvor mange elever som fysisk er til stede i det daglige fjernundervisningstilbudet og opplæringstilbudet ellers. Dersom det er få elever som møtes daglig i et fjernundervisningstilbud, kan dette indikere at det er behov for hyppigere fysiske samlinger enn i andre fjernundervisningstilbud med flere elever som fysisk sitter samlet. En veiledende minstestandard kan være rundt fire samlinger i året med én skoleukes varighet for hver samling. Antall samlinger må ses i sammenheng med lengden på samlingene. Det å øke lengden på samlingene kan redusere behovet for antall samlinger.
Som det fremgår av andre punktum, kan fylkeskommunen tilby fjernundervisningen andre steder enn på skolen, så fremt fjernundervisningen mottas i egnede lokaler. Dette er et skjønnsmessig vilkår, som ikke er ment å skulle praktiseres veldig strengt. Egnede lokaler kan for eksempel være en lokal skole eller andre lokaler kommunen eller fylkeskommunen disponerer som er egnet for opplæringsvirksomhet og som kan være samlende for de elevene som deltar i et fjernundervisningstilbud utenfor den skolen der elevene er tatt inn.
Som det fremgår av tredje punktum, må de øvrige kravene i paragrafen være oppfylt. Dette innebærer at fjernundervisning bare kan brukes dersom det er gode grunner for det. Videre skal fjernundervisningen være trygg og pedagogisk forsvarlig, gjennomføres slik at elevene og læreren kan kommunisere effektivt, og de tekniske løsningene må legge til rette for kommunikasjon i sanntid eller med kort responstid. Det er også et krav om at kommunen eller fylkeskommunen kan godtgjøre at vilkårene for bruk av fjernundervisning er oppfylt. I Prop. 57 L (2022–2023) punkt 15, og i merknadene til § 14-4, er vilkårene i dagens paragraf om fjernundervisning beskrevet nærmere.
Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 15 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd fastset at delar av opplæringa kan gjennomførast som fjernundervisning dersom det er gode grunnar for det og det er trygt og pedagogisk forsvarleg. At «delar» av opplæringa kan gjennomførast som fjernundervisning, betyr at ikkje heile opplæringa til ein elev kan bli gjennomført som fjernundervisning. Avgrensinga er ikkje til hinder for at eit heilt fag blir gitt som fjernundervisning, til dømes for å leggje til rette for at elevane får større valfridom og kan velje smale fag dei elles ikkje kunne valt.
I første ledd er det fastsett at fjernundervisning berre kan brukast dersom det er gode grunnar for det og det vil vere trygt og pedagogisk forsvarleg. Kva som ligg i gode grunnar og trygt og pedagogisk forsvarleg, er utdjupa i andre og tredje punktum. Vilkåret om gode grunnar inneber at det skal vere ein viss terskel for å organisere opplæringa som fjernundervisning. Ordinær opplæring av lærarar på skolen er normalordninga, medan fjernundervisning krev ei god grunngiving. Vilkåret om gode grunnar inneber at det må gjerast ei heilskapleg vurdering der fordelane for elevane med fjernundervisning blir vegne opp mot ulempene, jf. andre punktum. Fordelane kan til dømes vere at det blir mogleg å gi elevane eit tilbod dei elles ikkje ville fått, eller at det gjer det mogleg å tilpasse opplæringa til det faglege nivået til den enkelte. Ei ulempe med fjernundervisning er at elevane ikkje møter læraren og kanskje heller ikkje dei andre elevane som deltek i opplæringa. Det er ikkje lov å bruke fjernundervisning for å spare pengar, og kommunar og fylkeskommunar kan ikkje la vere å prøve å rekruttere lærarar som dei elles ville ha rekruttert, eller la vere å opprette tilbod som dei elles ville ha oppretta. Derimot kan fjernundervisning vere aktuelt dersom det gir elevane valfridom som dei elles ikkje ville fått, til dømes at det blir mogleg for dei å velje smale språkfag. Fjernundervisning kan også vere aktuelt i dei tilfella der kommunane og fylkeskommunane ikkje har lokalt rekrutteringsgrunnlag for undervisningspersonale med relevant fagleg og pedagogisk kompetanse eller relevant kompetanse i undervisningsfaget, men der bruk av fjernundervisning kan sikre slik kompetanse. Kommunen og fylkeskommunen må då vurdere om omsynet til å kunne bruke kvalifisert undervisningspersonale, framfor personale utan slike kvalifikasjonar, veg opp for ulempene med manglande fysisk nærvær.
Vilkåret om gode grunnar vil vere oppfylt dersom det ikkje finst undervisningspersonale som kan undervise i morsmål, tospråkleg opplæring i fag, samisk eller kvensk/finsk. Sjå punkt 28.5.5, 30.5.7 og 31.5.2.
Uttrykket «trygt og pedagogisk forsvarleg» skal tolkast i brei forstand ved at det mellom anna skal takast omsyn til kor gode moglegheiter elevane har for læring, utvikling, trivsel og sosial tilhøyrsel, jf. oppramsinga i første ledd tredje punktum. Momenta er ikkje uttømmande. Kva som er trygt og pedagogisk forsvarleg, må vurderast skjønnsmessig basert på eit fagleg-pedagogisk kunnskapsgrunnlag. Alderen og kor modne elevane er, vil ha noko å seie i vurderinga. I tillegg har det betydning kor mykje av opplæringa som skjer gjennom fjernundervisning. Om og korleis fjernundervisninga blir kombinert med ulike former for fysisk samhandling, og om ein vaksen har tilsyn med elevane, har også betydning for om opplæringa vil vere trygg og pedagogisk forsvarleg. Det skal vurderast særskilt om det vil vere trygt og pedagogisk forsvarleg å gi dei yngste elevane opplæring som fjernundervisning. Ein føresetnad er i så fall at eleven får hjelp til å følgje opplæringa av ein tilsett på skolen. I vurderinga av om fjernundervisning er trygt for elevane, skal det også takast omsyn til risikoen for personvernet til elevane, sjå punkt 15.5.11. Dersom ein elev ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av fjernundervisninga, må skolen leggje til rette særskilt i samsvar med reglane om individuelt tilrettelagd opplæring.
Andre ledd handlar om kvar elevane skal kunne få fjernundervisning. Første punktum inneber at hovudregelen er at elevane skal få fjernundervisning på skolen. Det vil seie at elevane må vere på skolen medan dei får fjernundervisning, men læraren kan vere ein annan stad.
Andre ledd andre punktum opnar for at ein elev kan få opplæring andre stader enn på skolen i særlege tilfelle. Eit særleg tilfelle kan til dømes vere at ein elev ikkje kan komme på skolen på grunn av sjukdom.
Då kan fjernundervisning vere eit supplement til at læraren kjem heim til eleven ved langvarig fråvær. Eit anna særleg tilfelle kan vere der ein elev mellombels bur ein annan stad enn i heimen, til dømes på eit krisesenter. Det kan også vere eit særleg tilfelle dersom ein elev skal delta i idrettskonkurranse eller kulturarrangement på nasjonalt eller internasjonalt nivå. Kva som er eit særleg tilfelle, må vurderast konkret. Det er meint å vere ein høg terskel der omsynet til eleven står sentralt.
Andre ledd tredje punktum opnar for at elevar i den vidaregåande opplæringa også kan få fjernundervisning andre stader enn på skolen etter avtale med rektor. Paragrafen inneber at elevar i den vidaregåande opplæringa kan få fjernundervisning andre stader enn på skolen utover i særlege tilfelle, men det føreset ein avtale med rektor. Sjå omtalen av kva som er meint med særlege tilfelle, i merknaden til andre ledd andre punktum.
Det er rektor på heimskolen til eleven som kan inngå avtale om at eleven skal få fjernundervisning andre stader enn på skolen. Rektor kan delegere denne kompetansen. At kompetansen er lagd til rektor, står ikkje i vegen for at fylkeskommunane avgjer kva praksis skolane skal ha. Om fjernundervisning skal bli gitt andre stader enn på skolen, må vurderast konkret for den enkelte eleven.
Tredje ledd slår fast eit vilkår om effektiv kommunikasjon. Vilkåret inneber at elevane må ha tilstrekkeleg med moglegheiter til å få fagleg hjelp og oppfølging. Dessutan må læraren ha tilstrekkeleg moglegheit til å gi opplæring, gjere vurderingar og registrere eventuelt fråvær. Dei tekniske løysingane som blir brukte, må leggje til rette for kommunikasjon i sanntid eller med kort responstid. Skolane må ha nødvendig og eigna utstyr og kompetanse til å gi opplæringa som fjernundervisning.
Kravet i fjerde ledd om at kommunane og fylkeskommunane skal «godtgjere» at vilkåra for bruk av fjernundervisning er oppfylte, inneber at det er kommunane og fylkeskommunane som skal sannsynleggjere at desse vilkåra er oppfylte. Kravet understrekar at ordinær opplæring er normalordninga, og at avgjerda om å bruke fjernundervisning krev særskild grunngiving. Det vil ikkje vere noko absolutt dokumentasjonskrav, men det er naturleg at det ligg føre noko dokumentasjon frå dei vurderingane som er gjorde. Ved eit eventuelt tilsyn er det kommunane og fylkeskommunane som må sannsynleggjere at det er gode grunnar til å organisere opplæringa som fjernundervisning, at fjernundervisninga er trygg og pedagogisk forsvarleg og at lærar og elev kan kommunisere effektivt, og ikkje tilsynsmaktene som må sannsynleggjere det motsatte. Val av fjernundervisning vil, til liks med val av undervisningsmetode, i stor grad kvile på eit fagleg skjønn. Både lærarkollegiet på den enkelte skolen, rektor og kommunen vil vere sentrale for å sikre kvalitet i den faglege skjønnsutøvinga.
Femte ledd er ein heimel til å fastsetje reglar i forskrift. Det er ikkje lagt opp til at det skal fastsetjast forskriftsreglar idet lovreglane blir innførte. Forskriftsheimelen skal kunne brukast til raskt å fastsetje ytterlegare vilkår og krav dersom det viser seg at dette er nødvendig ut frå måten reglane blir praktiserte på.
Kommunane og fylkeskommunane vel sjølve om dei vil bruke moglegheita til å gjennomføre opplæring som fjernundervisning. Dette valet byggjer på eit forvaltningsskjønn som tilsynsmakta og domstolane ikkje kan overprøve. Fleire av vilkåra som må vere oppfylte for å kunne gi opplæring som fjernundervisning, er skjønnsmessige. Vurderinga av om desse vilkåra er oppfylte, byggjer på eit lovbunde skjønn som tilsynsmakta og domstolane kan prøve fullt ut.
Det er plikta skolane har til å gi opplæring og til å vareta behovet til elevane for sosial samkjensle osv., i kombinasjon med moglegheita for å bruke fjernundervisning, som vil gi rammene for kva opplysningar som kan behandlast, og i kva utstrekning. Det følgjer av forslaget til § 25-1 første ledd at personopplysningar kan behandlast berre så langt det er nødvendig for den konkrete oppgåva eller plikta. Se også punkt 15.5.10.