Naturfag (NAT01‑04)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter 7. trinn

  • stille spørsmål og lage hypotesar om naturfaglege fenomen, identifisere variablar og samle data for å finne svar

    Forklaring til kompetansemål

    Uavhengig variabel er faktoren som blir variert i forsøket, avhengig variabel er faktoren som blir målt, og kontrollerte variablar er faktorar som må haldast like i kvart forsøk.

  • skilje mellom observasjonar og slutningar, organisere data, bruke årsak–verknad-argument, trekkje slutningar, vurdere feilkjelder og presentere funn
  • bruke og vurdere modellar som representerer fenomen ein ikkje kan observere direkte, og gjere greie for kvifor det blir brukt modellar i naturfag
  • lese og forstå faremerking og reflektere over formålet med desse
  • gi døme på korleis naturvitskapleg kunnskap er utvikla og utviklar seg
  • gi døme på korleis tradisjonell kunnskap har bidrege og bidreg til naturvitskapleg kunnskap

    Forklaring til kompetansemål

    Tradisjonell kunnskap blir òg kalla lokal kunnskap, urfolkskunnskap eller tradisjonell økologisk kunnskap. Dette er teoretisk og praktisk kunnskap som er innbakt i språk, arbeidsmåtar, erfaringar, skikkar og forteljingar, og som blir utvikla og overført gjennom kultur frå generasjon til generasjon.

  • utforske, lage og programmere teknologiske system som består av delar som verkar saman

    Forklaring til kompetansemål

    Kompetansemålet er tenkt å kunne koplast til andre kompetansemål.

  • designe og lage eit produkt basert på brukarbehov

    Forklaring til kompetansemål

    Kompetansemålet er tenkt å kunne koplast til andre kompetansemål, og programmering kan inngå i arbeidet med dette.

  • reflektere over korleis teknologi kan løyse utfordringar, skape moglegheiter og føre til nye dilemma
  • utforske faseovergangar og kjemiske reaksjonar og beskrive kva som kjenneteiknar dei
  • bruke partikkelmodellen til å forklare faseovergangar og eigenskapane til faste stoff, væsker og gassar

    Forklaring til kompetansemål

    Partikkelmodellen er ein enkel modell for å beskrive all materie. Han kan brukast til å forklare fysiske og kjemiske fenomen på mikronivå.

  • utforske elektriske og magnetiske krefter gjennom forsøk og samtale om korleis vi utnyttar elektrisk energi i dagleglivet
  • gjere greie for korleis organismar kan delast inn i hovudgrupper, og gi døme på særtrekka til ulike organismar

    Forklaring til kompetansemål

    Hovudgrupper er å rekne som samlingar av organismar som har viktige kjenneteikn felles.

  • gjere greie for betydninga av biologisk mangfald og gjennomføre tiltak for å bevare det biologiske mangfaldet i nærmiljøet
  • foreslå tiltak for å bevare det biologiske mangfaldet i nordområda og gi døme på betydninga av tradisjonell kunnskap i naturforvaltning

    Forklaring til kompetansemål

    Med nordområde meiner ein naturområde nord for polarsirkelen.

  • utforske og beskrive ulike næringsnett og bruke dette til å diskutere samspel i naturen
  • beskrive og visualisere korleis døgn, månefasar og årstider oppstår, og samtale om korleis dette påverkar livet på jorda
  • gjere greie for føresetnadene jorda har for liv, og samanlikne med andre himmellekamar i universet
  • gjere greie for korleis det geologiske kretsløpet, platetektonikk og ytre krefter er med på å forme og endre ulike landskap
  • gjere greie for fysiske og psykiske forandringar i puberteten og samtale om korleis dette kan påverke kjensler, handlingar og seksualitet
  • gjere greie for nokre av organsystema i kroppen og beskrive korleis systema verkar saman

Undervegsvurdering