Matematikk 1.-10. trinn (MAT01‑06)
Kompetansemål og vurdering
Ikke gyldig før 1.8.2026
Forklaring

Kompetansemål etter 3. trinn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- bruke formålstenlege strategiar for addisjon og subtraksjon til å lage og løyse problem frå leik og kvardag
- forklare og utforske samanhengar mellom addisjon og subtraksjon i hovudrekning og skriftleg rekning
- beskrive og utforske multiplikasjon ved teljing og gruppering
- bruke dobling og halvering i hovudrekning og skriftleg rekning
- bruke multiplikasjon og divisjon til å lage og løyse problem frå leik og kvardag
- bruke talsymbol, tekst, tabellar, teikning og konkret til å representere multiplikasjon på ulike måtar og omsetje mellom dei ulike representasjonane
- bruke kommutative, assosiative og distributive eigenskapar ved multiplikasjon i hovudrekning og skriftleg rekning
- bruke likskaps- og ulikskapsteikn som relasjonelle symbol for å samanlikne storleikar, mengder, uttrykk og tal
- bruke talsymbol, teikning og konkret for å utforske likevekt og omsetje mellom dei ulike representasjonane
- måle areal i praktiske situasjonar med ikkje-standardiserte og standardiserte måleiningar
- eksperimentere med, namngi og plassere punkt i koordinatsystemet
- lage og følgje reglar og trinnvise instruksjonar i leik og spel knytte til koordinatsystemet
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i matematikk. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget på 3. trinn når dei beskriv, bruker og utforskar multiplikasjon, samanhengar i rekneartane, likevekt og måling med standardiserte og ikkje-standardiserte måleiningar i leik, problemløysing og praktiske situasjonar. Elevane viser og utviklar òg kompetanse i matematikk når dei vekslar mellom ulike representasjonar, stiller matematiske spørsmål og forklarer eigne løysingar. Vidare viser og utviklar dei kompetanse i matematikk ved å ta i bruk strategiar og matematiske omgrep både munnleg og skriftleg.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved at elevane får beskrive, bruke og utforske matematikk gjennom å bevege seg, leike, undre seg og arbeide praktisk. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira av strategiar i dei fire rekneartane, samanhengen mellom desse og forståing av posisjonssystemet og likskaps- og ulikskapsteiknet. Elevane skal få høve til å prøve og feile. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og kva dei får til betre enn tidlegare. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle rekneferdigheiter og kompetanse i utforsking og problemløysing knytt til multiplikasjon, likevekt, måleiningar og koordinatsystemet.