Matematikk 1.-10. trinn (MAT01‑06)
Kompetansemål og vurdering
Ikke gyldig før 1.8.2026
Forklaring

Kompetansemål etter 6. trinn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- beskrive og plassere desimaltal på tallinja og samanlikne tal med ulikt antal desimalar som ein del av posisjonssystemet
- utvikle og bruke ulike strategiar for rekning med desimaltal og samanlikne med reknestrategiar for heile tal
- lage og løyse problem med desimaltal, brøk og prosent og argumentere for eigne løysingar
- beskrive og utforske eigenskapar ved to- og tredimensjonale figurar og forklare kva for eigenskapar figurane har til felles, og kva for eigenskapar som skil figurane frå kvarandre
- utforske og beskrive symmetri i mønster
- lage kongruensavbildingar med og utan koordinatsystem
- måle radius, diameter og omkrins i sirklar og utforske og forklare samanhengen mellom pi og diameteren i ein sirkel
- utforske areal og volum i praktiske situasjonar og bruke formålstjenlege måleiningar
- utforske praktiske problem med areal ved å bruke oppdeling og distributivitet
- bruke og utforske strategiar for å måle og rekne ut areal og omkrins
- bruke variablar, lykkjer, vilkår og funksjonar i programmering til å utforske geometriske figurar og mønster
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i matematikk. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget på 6. trinn når dei beskriv, bruker og utforskar reknestrategiar for heile tal og desimaltal, eigenskapar ved geometriske figurar, formålstenlege måleiningar for areal og volum i problemløysing og praktiske situasjonar. Elevane viser og utviklar òg kompetanse i matematikk når dei vekslar mellom ulike representasjonar, stiller matematiske spørsmål, forklarer matematiske samanhengar og argumenterer for eigne og andre sine løysingar. Vidare viser og utviklar dei kompetanse i matematikk ved å ta i bruk formålstenlege strategiar og matematiske omgrep både munnleg og skriftleg.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved at elevane får beskrive, bruke og utforske matematikk gjennom å bevege seg, leike, undre seg og arbeide praktisk. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira av reknestrategiar for heile tal og desimaltal og forståing av eigenskapar ved geometriske figurar og programmering. Elevane skal få høve til å prøve og feile. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og kva dei får til betre enn tidlegare. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle rekneferdigheiter og kompetanse i utforsking og problemløysing knytt til desimaltal, eigenskapar ved geometriske figurar og kommunikasjon med matematiske omgrep og bruk av formålstenlege representasjonar munnleg og skriftleg.