Matematikk 1.-10. trinn (MAT01‑06)
Kompetansemål og vurdering
Ikke gyldig før 1.8.2026
Forklaring

Kompetansemål etter 7. trinn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- bruke tal, tekst, tabellar, teikning og konkret for å representere prosent og kunne omsetje mellom brøk, desimaltal og prosent
- bruke formålstjenlege strategiar i hovudrekning og skriftleg rekning med brøk, desimaltal og prosent og forklare strategiar
- bruke og utforske negative tal både praktisk og teoretisk
- bruke reglar for reknerekkefølgje i problemløysing og til å lage og løyse samansette rekneuttrykk
- bruke ulike strategiar for å løyse likningar og vurdere om løysingar er gyldige
- formulere og løyse problem som har med likningar å gjere
- bruke tal, tekst, teikning og konkret til å løyse ulikskapar og teste og forklare løysingar
- rekne sentralmål i eigne og andre sine datasett og velje formålstenleg sentralmål
- logge, sortere, lese av og presentere data i tabellar og diagram og forklare valet av framstilling
- estimere, gjere overslag, forklare tenkjemåtar og vurdere kritisk eigne og andre sine modellar og løysingar knytte til praktiske situasjonar i arbeid med økonomi
- bruke programmering til å utforske data i tabellar og datasett
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i matematikk. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget på 7. trinn når dei beskriv, bruker og utforskar samanhengen mellom brøk, desimaltal og prosent, reglar for reknerekkjefølgje, sentralmål og likningar og ulikskapar i problemløysing og praktiske situasjonar. Elevane viser og utviklar òg kompetanse i matematikk når dei vekslar mellom ulike representasjonar, stiller matematiske spørsmål, forklarer matematiske samanhengar og argumenterer for eigne og andre sine løysingar. Vidare viser og utviklar dei kompetanse i matematikk ved å ta i bruk formålstenlege strategiar og matematiske omgrep både munnleg og skriftleg.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved at elevane får beskrive, bruke og utforske matematikk gjennom å bevege seg, leike, undre seg og arbeide praktisk. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira av omgrep og strategiar for å samanlikne brøkar, desimaltal og prosent og av forståing av likningar og ulikskapar, diagram, sentralmål, programmering og økonomi. Elevane skal få høve til å prøve og feile. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og kva dei får til betre enn tidlegare. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle rekneferdigheiter og kompetanse i utforsking og problemløysing knytt til samanhengen mellom brøk, desimaltal og prosent, statistikk og modellering og kommunikasjon med matematiske omgrep og bruk av formålstenlege representasjonar munnleg og skriftleg.