Matematikk 1.-10. trinn (MAT01‑06)
Kompetansemål og vurdering

Ikke gyldig før 1.8.2026

Dette settet med kompetansemål er ikkje gyldig for 9. trinn før 1.8.2026. Fram til da er det forrige versjon av læreplanen som gjeld. Sjå meir informasjon under:

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter 9. trinn

  • lage og løyse problem som handlar om samansette måleiningar
  • utforske eigenskapane ved ulike todimensjonale figurar og forklare omgrepa formlikskap og kongruens
  • bruke formlikskap og læresetninga til Pytagoras til utforsking av praktiske situasjonar
  • utforske, beskrive og argumentere for samanhengar mellom sidelengdene i trekantar
  • utforske og argumentere for korleis det å endre føresetnader i geometriske problemstillingar påverkar løysingar både praktisk og algebraisk
  • bruke og argumentere for formlar for overflateareal og volum av tredimensjonale figurar
  • tolke og kritisk vurdere statistiske framstillingar frå media og lokalsamfunnet
  • rekne på sentralmål og spreiingsmål i eigne og reelle datasett og bruke resultata til å beskrive dataa
  • samanlikne og argumentere for korleis framstillingar av tal og data kan brukast for å fremje ulike synspunkt
  • berekne og vurdere sannsyn i statistikk og spel
  • simulere utfall i tilfeldige forsøk og berekne sannsynet for at noko skal inntreffe, ved å bruke programmering

Undervegsvurdering