Matematikk 1.-10. trinn (MAT01‑06)
Kompetansemål og vurdering
Ikke gyldig før 1.8.2026
Forklaring

Kompetansemål etter 2. trinn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- gruppere tal og mengder ut frå eigenskapar og reflektere over om dette kan gjerast på fleire måtar
- utforske tal, mengder og teljing i leik, natur, biletkunst, musikk og barnelitteratur
- bruke talsymbol, talord, teikning og konkret til å representere tal og mengder på ulike måtar og omsetje mellom dei ulike representasjonane
- telje både framlengs og baklengs, velje ulike startpunkt og ulik differanse og forklare mønster i teljingar
- beskrive og utforske eigenskapar ved partal og oddetal
- bruke talsymbol, talord, teikning og konkret til å representere posisjonssystemet og omsetje mellom dei ulike representasjonane
- plassere tal på tallinja og bruke tallinja i rekning og problemløysing
- bruke addisjon og subtraksjon til å lage og løyse problem frå leik og kvardag
- bruke kommutative og assosiative eigenskapar ved addisjon i hovudrekning og skriftleg rekning
- bruke likskapsteiknet som eit relasjonelt symbol som viser at to uttrykk har same verdi
- kjenne att og beskrive repeterande einingar i mønster og lage eigne mønster
- utforske, teikne og beskrive geometriske figurar frå sitt eige nærmiljø og argumentere for måtar å sortere dei på etter eigenskapar
- måle lengd og masse i praktiske situasjonar med ikkje-standardiserte og standardiserte måleiningar og samtale om resultata
- beskrive tid ved hjelp av kalender og analog og digital klokke
- lage og følgje reglar og trinnvise instruksjonar i leik og spel
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i matematikk. Elevane viser og utviklar kompetanse i matematikk på 1. og 2. trinn når dei beskriv, bruker og utforskar ulike eigenskapar og strukturar i teljing, tal- og figurmønster, likskapsteiknet som eit relasjonelt symbol og mønster i leik og kvardagssituasjonar. Elevane viser og utviklar òg kompetanse i matematikk når dei undrar seg, stiller matematiske spørsmål og forklarer eigne løysingar. Vidare viser og utviklar dei kompetanse ved å ta i bruk strategiar og matematiske omgrep både munnleg og skriftleg.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved at elevane får beskrive, bruke og utforske matematikk gjennom å bevege seg, leike, undre seg og arbeide praktisk. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira av teljestrategiar, strategiar i addisjon og subtraksjon og forståing av posisjonssystemet og likskapsteiknet. Elevane skal få høve til å prøve og feile. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og kva dei får til betre enn tidlegare. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle rekneferdigheiter og kompetanse i utforsking og problemløysing knytt til teljing, talforståing, geometriske figurar og måling.