Matematikk 1.-10. trinn (MAT01‑06)
Kompetansemål og vurdering

Ikke gyldig før 1.8.2026

Dette settet med kompetansemål er ikkje gyldig for 6. trinn før 1.8.2026. Fram til da er det forrige versjon av læreplanen som gjeld. Sjå meir informasjon under:

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter 6. trinn

  • beskrive og plassere desimaltal på tallinja og samanlikne tal med ulikt antal desimalar som ein del av posisjonssystemet
  • utvikle og bruke ulike strategiar for rekning med desimaltal og samanlikne med reknestrategiar for heile tal
  • lage og løyse problem med desimaltal, brøk og prosent og argumentere for eigne løysingar
  • beskrive og utforske eigenskapar ved to- og tredimensjonale figurar og forklare kva for eigenskapar figurane har til felles, og kva for eigenskapar som skil figurane frå kvarandre
  • utforske og beskrive symmetri i mønster
  • lage kongruensavbildingar med og utan koordinatsystem
  • måle radius, diameter og omkrins i sirklar og utforske og forklare samanhengen mellom pi og diameteren i ein sirkel
  • utforske areal og volum i praktiske situasjonar og bruke formålstjenlege måleiningar
  • utforske praktiske problem med areal ved å bruke oppdeling og distributivitet
  • bruke og utforske strategiar for å måle og rekne ut areal og omkrins
  • bruke variablar, lykkjer, vilkår og funksjonar i programmering til å utforske geometriske figurar og mønster

Undervegsvurdering