Matematikk 1.-10. trinn (MAT01‑06)
Kompetansemål og vurdering

Ikke gyldig før 1.8.2026

Dette settet med kompetansemål er ikkje gyldig for 3. trinn før 1.8.2026. Fram til da er det forrige versjon av læreplanen som gjeld. Sjå meir informasjon under:

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter 3. trinn

  • bruke formålstenlege strategiar for addisjon og subtraksjon til å lage og løyse problem frå leik og kvardag
  • forklare og utforske samanhengar mellom addisjon og subtraksjon i hovudrekning og skriftleg rekning
  • beskrive og utforske multiplikasjon ved teljing og gruppering
  • bruke dobling og halvering i hovudrekning og skriftleg rekning
  • bruke multiplikasjon og divisjon til å lage og løyse problem frå leik og kvardag
  • bruke talsymbol, tekst, tabellar, teikning og konkret til å representere multiplikasjon på ulike måtar og omsetje mellom dei ulike representasjonane
  • bruke kommutative, assosiative og distributive eigenskapar ved multiplikasjon i hovudrekning og skriftleg rekning
  • bruke likskaps- og ulikskapsteikn som relasjonelle symbol for å samanlikne storleikar, mengder, uttrykk og tal
  • bruke talsymbol, teikning og konkret for å utforske likevekt og omsetje mellom dei ulike representasjonane
  • måle areal i praktiske situasjonar med ikkje-standardiserte og standardiserte måleiningar
  • eksperimentere med, namngi og plassere punkt i koordinatsystemet
  • lage og følgje reglar og trinnvise instruksjonar i leik og spel knytte til koordinatsystemet

Undervegsvurdering