Matematikk 1.-10. trinn (MAT01‑06)
Kompetansemål og vurdering

Ikke gyldig før 1.8.2026

Dette settet med kompetansemål er ikkje gyldig for 5. trinn før 1.8.2026. Fram til da er det forrige versjon av læreplanen som gjeld. Sjå meir informasjon under:

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter 5. trinn

  • bruke tal, teikning og konkret til å beskrive og utforske samanhengar mellom brøkar, desimaltal og prosent
  • beskrive brøk som del av ein heil, som del av ei mengd, som ein divisjon og som tal på tallinja
  • bruke tal, tekst, teikning, konkret og praktiske situasjonar for å representere brøkar og kunne omsetje mellom dei ulike representasjonane
  • utvikle og bruke ulike strategiar for rekning med positive tal og brøk og forklare tenkjemåtane sine
  • formulere og løyse problem som har med brøk å gjere
  • utforske og beskrive tilfeldigheit og sannsyn i spel og praktiske situasjonar, og knyte det til brøk
  • bruke tal, tekst, teikning og konkret til å løyse likningar og teste og forklare løysingar
  • bruke rekneark for å lage og løyse oppgåver som handlar om personleg økonomi
  • lage og løyse oppgåver som handlar om tid
  • lage og programmere algoritmar med bruk av variablar, vilkår og lykkjer

Undervegsvurdering