Fakta om fagopplæringen 2025
Lærekandidatane er oftare utanfor arbeid og utdanning
Av dei 1 300 lærekandidatane som fekk kompetansebevis i 2023 og 2024 samla, var 57 prosent i arbeid første år etter oppnådd kompetansebevis. 9 prosent heldt fram med utdanning, medan 34 prosent verken var i arbeid eller utdanning. Andelen utanfor arbeid og utdanning har lege omkring 30 prosent tre år etter kompetanseprøva.
Omkring 25 prosentpoeng fleire av lærekandidatane enn lærlingane står utanfor arbeid og utdanning. Skilnaden må sjåast i lys av at målgruppene for ordningane er ulike, noko som forklarer skilnaden i sysselsetjing og utdanning.
Trass i at mange som fullfører lærekandidatordninga står utanfor arbeidslivet, bidreg ordninga til å motverke utanforskap. Udir styrka i 2025 støtta til fylkeskommunane ved å tydeleggjere målgruppa og informasjonen om ordninga, og ved å oppdatere rettleiaren for tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging. Målet er at personar som ikkje har føresetnader for å oppnå fullt fag- eller sveinebrev får eit godt tilbod som bidreg til ein god overgang frå utdanning til arbeid.