Fakta om fagopplæringen 2025
Dei fleste nyutdanna fagarbeidarar er i arbeid
Nav si bedriftsundersøking 2025 viser at helsefagarbeidarar, elektrikarar, reinhaldarar, kokkar, sveisarar, samt anleggsmaskin- og industrimekanikarar er nokre av yrka der verksemder melder størst mangel på arbeidskraft (Skjøstad, Sørbø og Myklathun 2025). Det er altså stort behov for fagarbeidarar i fleire fag. Men korleis står det til med dei nyutdanna fagarbeidarane i arbeidsmarknaden? Kjem dei ut i arbeid?
Kvart år mottar Utdanningsdirektoratet statistikk frå SSB som beskriv om nyutdanna fagarbeidarar kjem ut i arbeid, held fram med utdanning eller står utanfor arbeid og utdanning. Statistikken tek utgangspunkt i sysselsetjinga til to og to samanslåtte årskull. Det nyaste kullet omfattar årskulla 2023 og 2024.
Dei siste åra har om lag 83 prosent av dei som bestod fag- eller sveineprøva vore i arbeid i november første år etter prøva. Kull 2023+2024 hadde 0,2 prosentpoeng lågare andel nyutdanna i arbeid samanlikna med det førre samanslåtte kullet. Likevel er andelen nyutdanna i arbeid i kullet den nest høgaste dei siste ti åra.
Sysselsetjingstala viser tal for dei som har oppnådd fag- og sveinebrev via å ha vore lærling, praksiskandidat eller ha hatt alternativ til opplæring i bedrift. Sysselsetjingstala varierer mykje mellom desse gruppene.
Praksiskandidatar er personar som har tilstrekkeleg arbeidserfaring til å gå opp til fagprøve utan læretid. Praksiskandidatane er gjerne allereie i fast arbeid før dei går opp til fag- eller sveineprøva. Dermed er nesten alle praksiskandidatane i arbeid første år etter fag- eller sveineprøva, og dei dreg derfor opp totalandelen i nyutdanna i arbeid.
Årskull 2023
- Tok fag- eller sveineprøva 1. oktober 2022–30. september 2023
- Status for sysselsetjing første år etter prøva er målt 1. november 2023
Årskull 2024
- Tok fag- eller sveineprøva 1. oktober 2023–30. september 2024
- Status for sysselsetjing første år etter prøva er målt 1. november 2024
Sysselsetjingsstatus første år etter oppnådd fag- eller sveinebrev, nyutdanna i 2023 og 2024
Den største gruppa som oppnår fag- eller sveinebrev er dei som har vore lærlingar. Om lag 77 prosent av dei nyutdanna lærlingane var i arbeid første år etter fag- eller sveineprøva, medan om lag 17 prosent var i utdanning og 6,5 prosent utanfor både arbeid og utdanning. Det er blant lærlingane ein ser ein liten auke i andel nyutdanna utanfor utdanning og arbeid, og auken går igjen på tvers av fleire utdanningsprogram.
Av elevane som fullførte alternativ til læreplass, var 78 prosent i arbeid – nærmare 16 prosentpoeng fleire samanlikna med tre år sidan. 13 prosent av desse elevane var utanfor arbeid og utdanning året etter fag- eller sveineprøva. Blant elevane som fullførte alternativ til læreplass, er både andelen i utdanning og utanfor utdanning og arbeid lågare enn i tidlegare årskull.
Om dei nyutdanna er i arbeid målast i november. For dei i kulla som tok fag- eller sveineprøva seint i perioden – til dømes i slutten av september – er det kort tid mellom prøva og måling av sysselsetjing. I tillegg har SSB berre informasjon om sjølvstendig næringsverksemd frå førre kalenderår, da dei fleste kandidatane framleis var i lære. Ein bør dermed også sjå på korleis sysselsetjinga ser ut etter litt lengre tid. Ser ein på status for sysselsetjing for 2021+2022 kulla, ser ein at omkring 4 prosentpoeng fleire av lærlingane er i arbeid tre år samanlikna med første år etter prøva.
Blant dei nyutdanna som nytta alternativ til læreplass er det i dei siste kulla rundt 10 prosentpoeng fleire i arbeid tre år etter prøva, samanlikna med etter det første året. Samstundes er omkring 15 prosent av dei nyutdanna med fag- og sveinebrev som nytta alternativ til læreplass utanfor arbeid og utdanning tre år etter prøva.
Om dei som er i arbeid er i relevant arbeid er det ikkje mogleg å si noko om på grunnlag av denne statistikken om sysselsetjing av nyutdanna.
Elektro og datateknologi har høgast andel nyutdanna lærlingar i arbeid
Ser ein på nyutdanna fagarbeidarar generelt, har bygg- og anleggsteknikk høgast sysselsetjingsgrad første år, med over 87 prosent i arbeid. Denne andelen blir trekt opp av at det er mange praksiskandidatar innanfor bygg- og anlegg. Avgrensar ein analysen til nyutdanna lærlingar, har bygg- og anleggsteknikk framleis ein høg andel i arbeid – 82 prosent – men den høgaste andelen finn ein innan elektro og datateknologi der 85 prosent av dei nyutdanna lærlingane er i arbeid første år.
Elektro og datateknologi er òg, etterfølgt av helse- og oppvekstfag, det utdanningsprogrammet med lågast andel nyutdanna utanfor arbeid og utdanning.
Den lågaste andelen i arbeid er innan det nye utdanningsprogrammet informasjonsteknologi og medieproduksjon, der om lag halvparten er i arbeid første år etter oppnådd fagbrev. Medan ein høg andel av dei nyutdanna innan informasjonsteknologi og medieproduksjon er utanfor utdanning og arbeid, er så mange som 31 prosent under utdanning. Handverk, design og produktutvikling har derimot størst andel utanfor utdanning og arbeid.
Om statistikken
Statistikken tek utgangspunkt i to kull nyutdanna fagarbeidarar, og viser om dei er i arbeid, utdanning eller utanfor både arbeid og utdanning per november første år etter at dei oppnådde sluttkompetanse. Kulla blir slått saman for å omfatte tilstrekkeleg mange personar til at vi kan vise tal fordelte på lærefag.
I tillegg blir det vist tal for sysselsetjing for dei som oppnår kompetansebevis og vitnemål med yrkeskompetanse (yrkeskompetansefag) i same periode. Sjå fleire tal om sysselsetjing av fagutdanna i vår statistikkbank.
Tala er produsert av Statistisk sentralbyrå (SSB). I statistikkbanken står det meir om talgrunnlaget.
Sysselsetjingsstatus for lærlingar i utvalde utdanningsprogram. Første år etter oppnådd fag- eller sveinebrev, nyutdanna i 2023 og 2024
Nesten 17 prosent av dei nyutdanna lærlingane var i utdanning første år etter fag- eller sveineprøva. Statistikken seier ikkje kva slags utdanning fagarbeidarane var i.
Tidlegare analyser frå SSB viser at ein god del nyutdanna fagarbeidarar går vidare til høgare yrkesfagleg utdanning (fagskole), men med store forskjellar mellom ulike utdanningsprogram (Nygård 2018). Dei siste ti åra har det vore over ei dobling av studentar i høgare yrkesfagleg utdanning. Over ein av fem studentar i høgare yrkesfagleg utdanning er i alderen 21–25 år (SSB 2025).
På den andre sida forsvinn ein del nyutdanna fagarbeidarane til påbygging til studiekompetanse og universitets- og høgskoleutdanning (Nygård 2018).