Fakta om fagopplæringen 2025

Innhold og søk

Fakta om fagopplæringen 2025

Ein av tre som har fullført yrkeskompetansefag held fram med utdanning

Nærare 3 700 fekk vitnemål med yrkeskompetanse i 2023 og 2024 samla. Meir enn to tredjedelar av desse elevane gjekk på helse- og oppvekstfag.

Av elevane som fekk vitnemål med yrkeskompetanse, var 57 prosent i arbeid første året etter dei var ferdige med utdanninga. 33 prosent heldt fram med utdanning, medan 10 prosent verken var i arbeid eller utdanning. 

Tal for årskulla 2021+22 og tidlegare viser at meir enn ein av fem framleis var i utdanning tredje året etter fullført vitnemål med yrkeskompetanse.