Fakta om fagopplæringen 2025
Høg sysselsetjingsgrad – men ikkje høg nok?
Det er stor etterspørsel etter fagarbeidarar, og sysselsetjinga blant nyutdanna fagarbeidarar er generelt høg. Samstundes er det lågare sysselsetjing blant nyutdanna innan enkelte utdanningsprogram og lærefag. Det er eit politisk mål at sysselsetjingsgraden i befolkninga skal opp (sjå til dømes: Meld. St. 33 (2023–2024)). Da er det blant anna viktig at nyutdanna ikkje fell frå i overgangen frå utdanning til arbeid.
Det kan vere fleire årsaker til at fagarbeidarar ikkje kjem raskt ut i arbeid, og anten blir nøydd til å ta meir utdanning eller blir ståande utanfor utdanning og arbeid. Individuelle faktorar kan gjere at nokre fagarbeidarar stiller svakare på arbeidsmarknaden enn andre.
Ein føresetnad for at nyutdanna kjem i arbeid er at talet på plassar i fag- og yrkesopplæringa i størst mogleg grad speglar etterspørselen på arbeidsmarknaden over tid. Sjølv om etterspørselen etter mange fag- og yrkeskompetansar er høg, er etterspørselen etter nokre kompetansar lågare. Det kan vere at nokre nyutdanna står utanfor arbeid fordi det er fleire nyutdanna i visse lærefag enn det er etterspørsel på arbeidsmarknaden, anten nasjonalt eller i det området der kandidatane har teke utdanninga og bur. Analysar viser at fagutdanna gjerne blir buande i sitt skolefylke (Perlic og Albertsen 2019). Samstundes viser analysar på høgare utdanning at lokale utdanningstilbod i distrikta bidreg til at kandidatane blir verande i distrikta (Lervåg 2025). At det er mogleg for ungdom å få arbeid lokalt i det dei har utdanna seg i, er med på å rotfeste ungdom i eigen region.
Det er viktig å sikre samsvar mellom opplæringstilbodet og etterspørselen på arbeidsmarknaden, både nasjonalt og lokalt. Ein god dimensjonering av opplæringstilbodet er ein viktig føresetnad for å få fleire i arbeid og å rekruttere fleire til yrka med mangel på arbeidskraft. Dimensjoneringa av vidaregåande utdanning er eit ansvar som ligg til fylkeskommunane. Samstundes har Utdanningsdirektoratet ei viktig rolle i å forvalte strukturen og innhaldet i yrkesfagleg utdanning, slik at utdanningssystemet utdannar kvalifiserte fagarbeidarar som svarar til behova i arbeidslivet.