Fakta om fagopplæringen 2025
I nokre fag står ein del nyutdanna utanfor arbeid og utdanning
Andelen som stod utanfor arbeid og utdanning første år etter fag- eller sveineprøva var totalt 5,3 prosent. For lærlingane var andelen 6,5 prosent. For dei nyutdanna som hadde nytta alternativ til læreplass var nesten 13 prosent utanfor arbeid og utdanning. Sjølv om talet utanfor for dei som har nytta fagopplæring er høgt, er dette likevel ein nedgang på fleire prosentpoeng frå tidlegare år.
Tala for kor mange nyutdanna som er utanfor arbeid og utdanning er lågast innan elektro og datateknologi, der under 4 prosent stod utanfor. Det er store forskjellar mellom ulike utdanningsprogram og lærefag i kor mange som står utanfor arbeid og utdanning. Nokre lærefag har over tid hatt mange nyutdanna som står utanfor arbeid og utdanning. I nokre av faga har andelen utanfor i fleire av dei siste årskulla vore over 20 prosent. Nokre av lærefaga med høgast andel utanfor for siste kull er kjole- og draktsyarfaget, gullsmedfaget, IT-driftsfaget og gartnarfaget. Generelt er fleire av faga med mange utanfor handverksfag og fag innan informasjonsteknologi og medieproduksjon.
Andelen utanfor arbeid og utdanning i lærefaga kan endre seg ein god del frå første til tredje år. Men faga som har mange nyutdanna utanfor arbeid og utdanning første år er meir sannsynlege til å ha mange utanfor tredje året.
Årsakene til at mange står utanfor i eit fag kan vere fleire. Det kan handle om at kandidatane tek fag- og sveineprøva kort tid før sysselsetjing blir målt, at det tek lengre tid å skaffe arbeid innan desse faga, eller individuelle forhold som gjer at dei nyutdanna stiller svakare på arbeidsmarknaden. Det kan òg hende at det ikkje er stor etterspørsel etter akkurat desse yrkeskompetansane.