Forskrift til privatskolelova (privatskoleforskrifta)

Innhold og søk

Forskrift til privatskolelova (privatskoleforskrifta)

§ 6-45 Vitnemål i vidaregåande opplæring

Vitnemål i vidaregåande opplæring skal givast som dokumentasjon på bestått opplæringsløp. Skolen kan utferde vitnemål med norsk og samisk tekst til elevar som har hatt opplæring i eller på samisk, og til dei som ber om det.

For å få vitnemål må ein ha bestått alle nødvendige fag og eksamenar i samsvar med læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3. Dette gjeld likevel ikkje for

  1. dei som er fritatt frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka etter § 4-6
  2. dei om er fritatt frå opplæring i kroppsøving etter § 4-6
  3. dei som er fritatt frå vurdering med karakter etter § 6-19 eller § 6-21 til § 6-23
  4. dei som fell inn under dei særskilde reglane om dokumentasjon etter § 6-47
  5. dei som har fått dispensasjon etter § 6-10 eller § 6-39.

Endra ved forskrift 22 juni 2026 nr. 1184.

Merknader til forskriften

Paragrafen er gitt med hjemmel i privatskoleloven § 2-3 a og viderefører deler av § 3-39 i den tidligere forskriften. Paragrafen tilsvarer § 9-46 i opplæringsforskriften. Se merknaden til den paragrafen.