Forskrift til privatskolelova (privatskoleforskrifta)

Innhold og søk

Forskrift til privatskolelova (privatskoleforskrifta)

§ 5-1 Generelle krav til læreplanane

Alle læreplanane som blir godkjende etter privatskolelova § 2-3 første ledd, må oppfylle krava i denne paragrafen. Læreplanane må vere jamgode med læreplanane i læreplanverket for Kunnskapsløftet.

Læreplanen for skolen skal omfatte

  1. overordna del eller annan tilsvarande plan
  2. læreplanar for fag, med omtale av dei same delane som læreplanane etter Kunnskapsløftet
  3. fag- og timefordeling
  4. ein omtale av kva slag vurderingsordningar og dokumentasjon skolen skal bruke.

Læreplanane for dei vidaregåande skolane må til vanleg vere i samsvar med den tilbodsstrukturen som er fastsett for den offentlege vidaregåande skolen.

Ved internasjonale skolar gjeld andre og tredje ledd så langt dei passar, jf. § 5-4.

Merknader til forskriften

Paragrafen er gitt med hjemmel i privatskoleloven § 2-3 og viderefører § 2A-1 i den tidligere forskriften.