Privatskoleforskrifta
§ 6-39 Annullering av eksamen på grunn av feil ved gjennomføringa
Dersom det er gjort formelle feil ved gjennomføringa av eksamen, eller dersom eksamen av andre grunnar ikkje er avvikla i samsvar med reglane, kan Utdanningsdirektoratet annullere eksamen.
I vidaregåande opplæring har dei som har fått eksamen annullert, rett til ny eksamen etter § 6-36.
Utdanningsdirektoratet skal etter søknad gi elevar dispensasjon frå kravet om bestått eksamen for den eksamenen som er annullert. jf. § 6-45 andre ledd. Slik dispensasjon kan berre gis til elevar som har oppnådd bestått standpunktkarakter i faget. Departementet er klageinstans.